Stor kåring av fjorårets gamingmus

Me testar seksten mus frå 2018.

Gamer.no starta ei satsing på test av maskinvare og datautstyr i 2018. Det verkar som de, lesarane, har tatt godt imot dette, og me ønskjer å halde fram i same stil.

Året rundast difor av (litt på etterskot) med ein stor samletest av dei beste datamusene. I denne testen vil du kunne få lese nokre korte skildringar av kvart produkt, som i praksis er oppsummeringar av dei fulle testane våre – som du finn lenkjer til under tekstane.

Me har ikkje fått testa alt me ville, til dømes DreamMachines sine nye, men har dekkja det aller meste av interesse som kom ut i løpet av året. Etter kvart vil me republisere denne samletesten med fleire testar av produkt frå tidlegare år, samt nye produkt når dei kjem ut.

LES OGSÅ: Dette bør du tenkje på før du kjøper gamingmus »

Subjektive vurderingar

Når det kjem til tilbod og teknologisk utvikling, har 2018 vore eit imponerande år for datamus. Sensorane byrjar å bli så gode at me knapt merkar noko forskjell mellom dei, og det er ikkje lengre noko skilje på ytinga til kabelmus og trådlause mus (med dei beste sensorane, i alle fall). Marknaden flaumar over av nye produkt, og det resulterer i eit mangfald som berre vil bli større no som produsentar som MSI og HyperX byrjar å flytte merksemda si over på datamus.

Me har skreve ein stor guide for kva ein bør sjå på ved val av datamus, som de kan lese her. Denne guiden gir òg innblikk i kva me vektlegg i testane våre. Eg har prøvd å fokusere mest på det tekniske for å jamne ut dei meir subjektive sidene ved datamus, men det er vanskeleg å halde seg fullstendig objektiv her. Ting som vekt og passform er i stor grad ei vanesak, samt at handstorleik og grepstype vil sette avgrensingar for kva datamus du kan bruke.

Poenget mitt er at omtrent kva som helst produkt i det øvre sjiktet av denne kåringa kan vere det beste valet for deg, så ta rangeringa med ei klype salt. Den rette musa kan ha stor positiv effekt på spelinga di, men det treng ikkje nødvendigvis vere den med dei beste spesifikasjonane på papiret.

#1 – Årets soleklare vinnar

Produktinfo

Storleik: Mellomstor.

Vekt: 83 gram.

Knappar: Åtte + rullehjul.

Sensor: Logitech Hero (feilfri).

Særpreg: Trådlaus lading, modulære knappar, plass for vektlodd. Stiv pris

Beste bruksområde: Det meste

For 2018 er det liten tvil om kva datamus som stig til topps på podiet. Logitech G Pro Trådlaus sikra seg årets einaste 10/10-karakter, og den er vel fortent. Logitech har lagt millionar i forsking og utvikling av forkant av G Pro Trådlaus, og eit utal ulike proffspelarar har vore med på utviklingsprosessen.

Dette er den klart beste trådlause datamusa du kan kjøpe. Den har den mest avanserte sensoren og den lågaste vekta blant dei trådlause. Denne har til og med moglegheit for trådlaus lading, slik at ulempene med batteri forsvinn her.

Byggekvaliteten er på topp, og ekstra modulære sideknappar gjer at denne ikkje berre gjer det fantastisk i skytespel og MOBA, men kan òg fint brukast i MMORPG eller i fotoredigeringsprogram.

#2 – Farleg nær tiaren

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 61 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Den lettaste store datamusa pengar kan kjøpe

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Finalmouse har skapt ein storm av etterspurnad i USA for deira nye Ninja-branda datamus. Her har dei så til dei grader levert. Med marknadens desidert lettaste, store datamus, er dette eit toppval for skytespel og MOBA. Med ein kabel som gjer at musa nesten kjenst trådlaus, ei vekt du knapt merkar, samt ei særs behageleg passform, blir summen av desse elementa ein hovudskotmaskin utan like. 

Dessverre er det sjeldan at Finalmouse fyller opp lageret hos Maxgaming her i Noreg, slik at ein må følgje med i sosiale medium for å få sjanse til å kjøpe denne ved neste påfyll.

#3 – Lita og billeg trådlaus gamingmus

Produktinfo

Storleik: Liten

Vekt: 97 gram (under 90 med litium-batteri)

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: Logitech HERO (feilfri)

Særpreg: Enkel og trådlaus toppmus til låg pris.

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Er du ute etter ei billig trådlaus mus utan noko ekstra dilldall, er Logitech G305 val nummer ein. Her får du den same toppsensoren som i Logitech G Pro Trådlaus, men til ein tredjedel av prisen. Med AA-batteri held musa koken i opp mot 250 timar viss ein slår av RGB.

For dei med mellomstore eller små hender er storleiken midt i blinken, og passforma er omtrent identisk som den kabla Logitech G Pro-musa frå 2017. Som sikteverktøy i skytespel er denne blant kongane på haugen.

#4 – Razers beste produkt

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 98 gram

Knappar: Åtte + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3390 (feilfri)

Særpreg: Lett trådlaus mus til å vere stor, har trådlaus lading. Ingen batteri, men svindyr. Ladeelementet sit i ei musematte med RGB

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Razer har satsa tungt på trådlaus teknologi i det siste, og resultatet er den nye Mamba-musa med trådlaus lading. Denne versjonen du kjøpe med trådlaus lading, for den vil ikkje fungere utan matta.

Til tross for at trådlause mus veg meir enn kabelmus, veg denne mindre enn Razer Deathadder, og har etter mi meining ei betre form. Anna enn prisen er det då lite grunn til å velje Deathadder i staden for denne. Dette er Razers desidert beste produkt frå 2018, og kjem nok til å bli populær når teknologien går ned litt i pris.

#5 – Zowie tilbake i toppform

Produktinfo

Storleik: Liten

Vekt: 88 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Favorittmerket til CS-proffane. Eksepsjonell passform

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Zowie-mus har vore det mest populære valet blant Counter-Strike-proffane i 2018. Det er ikkje tilfeldig. Datamus frå denne produsenten er kjend for å ha nokre av dei mest behagelege passformane på marknaden, og testproduktet vårt passar definitivt med den skildringa. S2 Divina eller den litt større S1 Divina er datamus som ligg perfekt i handa, og sørger for at du får mest mogleg kontroll og treffsikkerheit.

Den nye generasjonen deira kjem med betre knappar og ein feilfri sensor. Rullehjulet er framleis ikkje så bra som det bør vere, men elles er dette eit kanonkjøp.

#6 – RGB-kongen 

Produktinfo

Storleik: Mellomstor

Vekt: 104 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Sinnsjukt RGB-show, elles enkel og grei toppmus til fornuftig penge.  

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

HyperX har satsa hardt på utviding av gamingproduktrekkja i 2018. Krona på verket deira er førebels Pulsefire Surge, ei skytespelmus med innebygd raveparty-RGB. Eg har enno ikkje sett noko anna datamus som når opp til denne på RGB, og det utan at det går utover resten av musa.

Her får du ein toppsensor, ei god passform og solid byggekvalitet. Vekta er litt på grensa, men til under 600 kroner er dette eit blinkskot. Denne kan lett bli din nye favoritt. 

#7 – Den mest allsidige gamingmusa

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 110 gram

Knappar: Elleve + rullehjul med to hastigheiter

Sensor: PixArt PMW3366 (feilfri)

Særpreg: Den mest allsidige musa i testen når det kjem til bruksområde, og har trådlaus lading. I overkant dyr med Powerplay

Beste bruksområde: Det meste

Denne er teknisk sett frå 2017, men me fekk ikkje testa den før i fjor vår. I motsetning til G Pro Trådlaus er denne mindre direkte retta mot spel, og har eit større bruksområde. Ein skal leite lenge etter ei mus som fungerer betre til bilete- og videoredigering enn denne, samstundes som den sikrar sigrane i MOBA- og MMORPG-spel.

Forma og plasseringa på knappane er kanskje ikkje den beste til skytespel, men G903 gjer framleis ein framifrå jobb med å halde deg på toppen av leiartavla takka vere ein feilfri sensor.

Som Logitech G Pro Trådlaus kan denne brukast med trådlaus lading. Utan dette, har den batteritid på litt over tjue timar.

#8 – Fantastisk bra, men ikkje kjøp den enno

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 96 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: SteelSeries TrueMove 3+ (feilfri)

Særpreg: Flott RGB og design, dobbel sensor. Særs komfortabel.   

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Då denne musa først kom var eg sikker på at den kom til å halde plasseringa på toppen ut heile året. Dei nye innslaga i Rival-serien til SteelSeries har fått ein unik dobbelsensor; delt mellom ein feilfri «normal» sensor, og ein ekstra minisensor som styrer løftedistanse. Slik er det mogleg å perfekt tilpasse bruk til eigne behov.

Rival 600 har òg årets beste design, samt ein ekstra sideknapp som er grei å ha i MOBA og MMORPG-spel. Kombiner dette med den beste passforma eg har vore borti for store datamus, så skulle ein tru at denne framleis burde vore nummer ein. Dessverre er det nokre store problem med byggekvaliteten som ein ikkje kan ignorere. Etter ein knapp månad med bruk lausna limet til gummigrepet på sidene av musa. No har eg skrudd denne ned til 8/10 (den fekk først 9/10), men eg gleder meg veldig til neste generasjon – sett at SteelSeries finn ei betre løysing for sidegrepa. Klarar dei å gjere det, samt få ned vekta til rundt nitti, vil denne sanke ein tiar frå oss.

#9 – Er framtida modulær?

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 90 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: 

Modulært design, med musekabel av metall som dei ein finn på gamle telefonar. Opto-mekaniske brytarar under museknappane. Kan dette i det heile bli meir spesielt?

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Når ein ser på HP Omen Reactor er det vanskeleg å ikkje bli litt skeptisk. Den skrik gimmick lang veg. Men her har HP verkeleg klart å lage ei modulær mus som faktisk fungerer. Vekta er overraskande låg på berre 90 gram, og den kjenst lett å bruke med bungie.

Kroppen kan stillast opp og ned for å finne den optimale passforma, og ei støtte på sida gir deg god kvile til tommelen. Eg veit ikkje heilt kvifor dette fungerer, men eg vil gjerne sjå meir som dette, HP. Først og fremst er det spanande å sjå at produsentane tør å ta nokre sjansar.

Eg blei overraska når eg fann ut at eg vil ha denne så langt opp på lista for 2018, men det er vanskeleg å ikkje like dette produktet. Det har framleis ein del element som må pussast på, men dette er utan tvil eit godt kjøp no som prisen smyg ned mot 500.

#10 – Bestseljar tilbake med ny sensor

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 120 gram

Knappar: Ti + rullehjul med to ulike hastigheiter

Sensor: Logitech HERO (feilfri)

Særpreg: Drøssevis av knappar og ergonomisk design 

Beste bruksområde: Det meste

Logitech G502 er ein av dei desidert mest populære gamingprodukta på marknaden, og i fjor tok produsenten sjansen til å tene litt meir pengar ved å kome med ei ny utgåve. 2018-versjonen av G502 har blitt oppdatert med HERO-sensoren du finn i G305 og G Pro Trådlaus.

Elles er alt som før. Du får ei tung, men ergonomisk mus som passar alt frå skytespel til produktivitetsoppgåver takka vere heile ti knappar og eit fantastisk rullehjul. Me ville framleis gått for G903 eller G Pro Trådlaus i staden, men er du ute etter å erstatte den slitte utgåva di av G502 med ei ny, så er dette vegen å gå. 

#11 – Solid mus med stilig RGB

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 110 gram

Knappar: Seks + rullehjul 

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Utskiftbar kabel og fine RGB-effektar. 

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

ASUS ROG er nok langt meir kjende for tastatur og maskinvare enn mus, men dei har trappa opp satsinga si på datamus dei siste åra. Den kabla, store spelmusa Gladius II Origin er ein lovande start.

Med ei RGB-stripe under konstruksjonen som minner om neon-lys på bilar og ein klassisk utsjånad elles, er denne datamusa eit behageleg syn. Den er ikkje mindre behageleg i hendene, med eit ergonomisk design der handa kvilar godt på toppen.

Vekta og passforma bør framleis justerast litt, så eg er spant på å sjå kva ASUS ROG vil snekre saman til neste år.

#12 – Rival 600 i trådlaus form

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 121 gram

Knappar: Sju + rullehjul 

Sensor: SteelSeries TrueMove 3+ (feilfri)

Særpreg: Det same som Rival 600 – berre trådlaus.    

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Rival 650 er i praksis identisk til Rival 600, berre at denne er trådlaus. Med det kjem ulempa med ein del høgare vekt, men ein slepp sjølvsagt å styre med kabel. Batteriet held koken i rundt ti timar før musa treng lading via ein USB-kabel.

Igjen ville me venta til neste generasjon av Rival-serien, fordi denne har akkurat dei same problema med byggekvalitet som Rival 600. Limet til sidene på denne røyk faktisk etter berre to veker for meg denne gongen.

 

#13 – Rimeleg toppmus frå HyperX

Produktinfo

Storleik: Mellomstor

Vekt: 92 gram

Knappar: Seks + rullehjul 

Sensor: PixArt PMW3327 (feilfri)

Særpreg: Stygg, men billig og behageleg

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Me har ikkje fått testa så mange mellomklassemus i år, men HyperX si nye vil sannsynlegvis vere ein av leiarane blant datamus rundt 300 - 500 kroner. Med ein feilfri sensor, imponerande komfortabel form, grei vekt og robust byggekvalitet har HyperX tikka av dei fleste boksane her. 

Utsjånaden er ein smule spesiell og anti-sklirillene på sida er ikkje så effektive som dei burde vore, men elles vil dette vere eit kanonprodukt sett i lys av prisen. 

#14 – Nylansering av 2017-modell med blanda resultat

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 100 gram

Knappar: Seks + rullehjul 

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Omtrent like spesiell som ein gråstein – men gjer jobben.   

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Pulsefire FPS Pro er ein av eit utal Deathadder-kloner, denne gongen frå HyperX. Dette er ein oppgradering av ei mus frå 2017, som har fått ein betre sensor og fullverdig RGB.

Datamusa har ein sentral svakheit i det at sidene bøyer innover på toppen, som kan føre til at Pulsefire FPS Pro dett ut av handa di når du løftar den med sveitte fingrar. Dette er først og fremst eit problem for dei som speler med låg følsemd og som gjerne løftar musa høgare enn nokre centimeter av musematta.

Elles held byggekvaliteten mål, og sensoren er blant dei beste du kan få tak i. Dette er altså framleis ei god datamus, men den er ikkje for alle.

#15 – Unødvendig gimmicksamling

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 138 gram

Knappar: Sju + rullehjul 

Sensor: SteelSeries TrueMove 3 (feilfri)

Særpreg: OLED-skjerm utan nemneverdig nytteverdi, og taktil feedback i toppen av musa.     

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Eg er vanlegvis stor fan av produkta til SteelSeries, men Rival 710 klarte eg verkeleg ikkje å like. Den er rett og slett tettpakka av gimmickar. Det er ikkje nødvendigvis noko dårleg mus, men eg ser ikkje heilt poenget i den.

OLED-skjermen på sida kan vise nokre enkle beskjedar eller ting som helsepoeng i spel. Det er kanskje kult når den står på pulten og du ikkje brukar den, men eg vil aldri sjå ned på datamusa mi mens eg speler. Difor er den fullstendig meiningslaus. Det same gjeld eigentleg den taktile feedbacken, som verkar meir irriterande enn noko anna. Men kven veit, kanskje kan dette bli erstattaren for dirrande kontrollarar no som tastatur og mus får full støtte på Xbox?

Uansett fører desse to gimmickane til at den ypparlege passforma blir dratt ned av ei høg vekt på nesten 140 gram – og det verkar unødvendig.

#16 – Ubehageleg og tung

Produktinfo

Storleik: Stor

Vekt: 141 gram

Knappar: Åtte + rullehjul 

Sensor: PixArt PMW3330 (feilfri)

Særpreg: Modulær kropp gjennom utskiftbare deksel og tommelstøtter. Oppdateringsrate på 3000 hertz.

Beste bruksområde: Det meste

Årets sisteplass går til MSI si nysatsing på datatilbehør. Sjølv om dei har levert nokre solide tastatur, er GM60 ei dårleg datamus. Eg set pris på forsøket med å gjere modulære mus meir tilgjengeleg, men her må dei tilbake til teiknebrettet.

GM60 fungerer eigentleg berre med det eine dekselet, slik at modulariteten i praksis blir av det teoretiske slaget. Vekta er heller ikkje mykje å rope hurra for, samt at passforma kunne vore langt meir behageleg.

 

Merknad: Dette formatet er framleis i ein oppstartsfase, og me vil gjerne høyre tilbakemeldingane dykkar slik at me kan forbetre artiklane våre. 

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »